Påminning: supportertreff med Andy Morrison

Soccer - Friendly - Bury v Manchester CityMe minner om supportertreffet med Andy Morrison i Balestrand i Sogn 24. og 25. oktober. Slå av ein prat med ein av opprykksheltane frå Wembley i 1999. Denne hendinga har du ikkje lyst til å gå glipp av! Dette vert eit perfekt høve til å sjå kor vakkert Vestlandet er, og samstundes kome tett innpå helten Andy Morrison saman med andre City-tilhengjarar.

For fyrste gong kjem Andy Morrison til Noreg! Kulthelten fekk 39 kampar for Manchester City frå 1998 til 2002, men er mest kjend for å ha vore den sjølvsagte kapteinen og bautaen i midtforsvaret i sesongen 1998-1999. Skadeproblema hans gjorde at han tidleg måtte legge støvlane på hylla, men han har framleis ein veldig høg stjerne hjå mange City-supporterar. No jobbar han som Fan Ambassador på heimekampane på Etihad. Me er veldig glade for å kunne melda at me har lukkast å invitera han til Vestlandet. I løpet av helga 23-26. oktober skal han få sjå litt av Bergen, Sogn og Balestrand. Me håpar så mange som mogleg tek turen til Balestrand og Sogn laurdag 24. oktober for å treffa han. Då kan me by på eit rikt og underhaldande program. Balestrand er ei av dei vakraste bygdene på vestlandet, og har hatt turisme som hovudnæring lenge før ordet «turist» vart oppfunne. Me er avhengig av minst 20 påmeldingar, så me håpar på mange besøkjande.

Program:
Dato: 24. oktober
Kl. 07:00 – Tur med RIB-båt frå Balestrand til Flåm. Begrensa antal plassar. (NB: Om veret ikkje er bra nok til båttur, så vert det tur til «Utsikten» på Gaularfjellet. Eit fantastisk utkikkspunkt. http://veidekke.no/prosjekter/article15805.ece)
Kl. 09:00 – Flåm – Myrdal med berømte Flåmsbana
Kl. 10:00 – Myrdal – Flåm.
Kl. 10:50 – Ankomst Flåm
Kl. 11:00 – Besøk på Ægir Bryggeri i Flåm!
Kl. 13:00 – Retur til Balestrand
Kl. 16:00 – Vandring i historiske Balestrand
Ender opp i Ciderhuset.

Kl. 17:00 – Formidlingsprogram i Ciderkjellaren
Åge Eitungjerde – produsent av cider og dagleg leiar i Balholm formidler om frukt, smak og korleis vi lagar cider og eplebrennevin. Smaksprøver kr 195,- Etter programmet i kjellaren er ferdig, samlast me i baren for open bar! Drikka som vert produsert her har fått veldig mange gode meldingar i t.d. Dagens Næringsliv. Sjå artikkel frå DN.no her: http://www.dn.no/d2/2015/07/02/2120/Utvalgt/smaken-av-sogn

http://www.dn.no/magasinet/2014/05/30/Anmeldt/siderhusreglene

Kl. 19:00 – Middag på Ciderhuset i Balestrand. Denne restauranten har fått særs mykje skryt av gjestar på Tripadvisor, og vil tene som ein perfekt avslutning på kvelden. Treretters middag kostar 530,- pr. person.

Dato: 25. oktober
Kl. 09:00 – Tur med RIB-båt til Fjærland og Supphellebreen. (Kostnad vert spleisa mellom passasjerane).
Kl. 11:30 – lunsj i Fjærland
Kl. 12:30 – Retur til Balestrand

Kl. 14:00 – Fotballpub på www.fribergkino.net i Balestrand. Her vert det sal av øl og anna drykk. Noko lett mat vil òg vere tilgjengeleg.
Kl. 15:05 – Avspark Rags vs City. Om det er stemning for det, kan me syna filmen «Blue Moon Rising» i forkant av kampen. Det vil bli ein liten CC i døra, og det vil dekke leige av kinoen.

Dato 26. oktober:
Kl. 07:50 – Retur til Bergen med ekspressbåten.

Overnatting:
Til dei av dykk som treng overnatting, så har me fått avtale til ei god avtale med Midtnes hotell, midt i sentrum av Balestrand. Prisane er som fylgjer:
– Pris på enkeltrom-standard , baksida, inkl frokost Nok 790,- pr natt
– Pris på dobbeltrom –standard , baksida, inkl frokost Nok 990,-pr natt
– Pris på dobbeltrom –balkong, mot fjorden, inkl frokost Nok 1250,- pr natt
For tinging av rom: tlf. 57694240, post@midtnes.no
Bruk «Andy Morrison» som bookingreferanse.
Sjå www.midtnes.no for meir informasjon.

Reise:
For reisande frå Bergen, vil det vera enklast å ta hurtigbåten frå Strandkaiterminalen med avgang klokka 0800, båten er framme 1150 i Balestrand. For grupper på meir enn 2 personar, gjev Norled ein rabatt på 25% av Norled. http://booking.norled.no/default.aspx
For dei som kjem med bil, ligg Balestrand mellom Sogndal og Høyanger på Rv 55.

Send påmeldling, ellerl spørsmål om hendinga til Ole Fuglestad:
ole.fuglestad@gmail.com,
tlf. 93 41 36 95

Me treng òg sponsorar som er interessert i å vera med på å dekke utgiftene med å få Andy Morrison til Noreg. Har du høve til å bidra, ver venleg å ta kontakt!

Sjekk òg Facebook-sida til arrangementet: https://www.facebook.com/events/446686008820352/497190493769903/

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.