Ny dato for supportertreffet med Andy Morrison

Soccer - Friendly - Bury v Manchester CityNy og endeleg dato for supportertreffet med Andy Morrison er klar. Ta turen til idylliske Balestrand og Sogn 24. oktober, og slå av ein prat med ein av opprykksheltane frå Wembley i 1999. Denne hendinga har du ikkje lyst til å gå glipp av!

For fyrste gong kjem Andy Morrison til Noreg! Kulthelten fekk 39 kampar for Manchester City frå 1998 til 2002, men er mest kjend for å ha vore den sjølvsagte kapteinen og bautaen i midtforsvaret i sesongen 1998-1999. Skadeproblema hans gjorde at han tidleg måtte legge støvlane på hylla, men han har framleis ein veldig høg stjerne hjå mange City-supporterar. No jobbar han som Fan Ambassador på heimekampane på Etihad. Me er veldig glade for å kunne melda at me har lukkast å invitera han til Vestlandet. I løpet av helga 1.-4 mai skal han få sjå litt av Bergen, Sogn og Balestrand. Me håpar så mange som mogleg tek turen til Balestrand og Sogn laurdag 2. mai for å treffa han. Då kan me by på eit rikt og underhaldande program. Balestrand er ei av dei vakraste bygdene på vestlandet, og har hatt turisme som hovudnæring lenge før ordet «turist» vart oppfunne. Me er avhengig av minst 20 påmeldingar, så me håpar på mange besøkjande.

Program:
Dato: laurdag 24. oktober

Kl. 14:00: Fotball med sal av øl på Friberg Kino i Balestrand i Balestrand. Håpar å kunne vise Rags vs. City, Dette vert garantert TV-kamp, så klokkeslett vert truleg flytta. Om det er stemning for det, kan me syna filmen «Blue Moon Rising». Kostnaden for dette arrangementet er førebels ikkje klart.

Kl. 18.00: Vandring i historiske Balestrand
Ender opp i Ciderhuset.

Kl. 19.00: Formidlingsprogram i Ciderkjellaren
Åge Eitungjerde – produsent av cider og dagleg leiar i Balholm formidler om frukt, smak og korleis vi lagar cider og eplebrennevin. Smaksprøver av cider, dessertvin eller dram. Kr 195,- Drikka som vert produsert her har fått veldig mange gode meldingar i t.d. Dagens Næringsliv. Sjå artikkel frå DN.no her:

Kl. 20:00: Middag på Ciderhuset i Balestrand. Denne restauranten har fått særs mykje skryt av gjestar på Tripadvisor, og vil tene som ein perfekt avslutning på kvelden. Treretters middag kostar 530,- pr. person.

Overnatting:
Til dei av dykk som treng overnatting, så jobbar eg med å få på plass eit opplegg. Sidan dette er eit godt stykke utanfor sesongen, er det førebels usikkert kva hotellmoglegheiter me har.

Reise:
For reisande frå Bergen, vil det vera enklast å ta hurtigbåten frå Strandkaiterminalen med avgang klokka 0800, båten er framme 1150 i Balestrand. Me får ein rabatt på 25% av Norled til denne hendinga. Ta kontakt for grupperabatt. booking.norled.no/default.aspx
For dei som kjem med bil, ligg Balestrand mellom Sogndal og Høyanger på Rv 55.

Send påmeldling, ellerl spørsmål om hendinga til Ole Fuglestad:
ole.fuglestad@gmail.com,
tlf. 93 41 36 95

Sjå òg Facebook-arrangement

Me treng òg sponsorar som er interessert i å vera med på å dekke utgiftene med å få Andy Morrison til Noreg. Har du høve til å bidra, ver venleg ta kontakt!

NB: Dette arrangementet var opprinneleg planlagt til 2. mai og 29. august.. Me valte å utsetja arrangementet til hausten, grunna at kampen mot Spurs vart flytta. Og datoen 29. august måtte òg avlysast grunna lokale hindringar. Denne nye datoen, 24. oktober, er endeleg.

Div 2 playoff/Morrison lifts cup

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.