Supportertreff med Andy Morrison

Soccer - Friendly - Bury v Manchester CityTa turen til idylliske Balestrand og Sogn den 2. mai, og slå av ein prat med ein av opprykksheltane frå Wembley i 1999. Denne hendinga har du ikkje lyst til å gå glipp av!

Oppdatert: utsett til hausten.

Oppdatert: På grunn av stor fare for at kampen mot Spurs 2. mai blir flytta til sundagen, blir supportertreffet med Andy Morrison utsett. Me prøver igjen til hausten, og då skal folk få endå betre tid til å førebu seg.

For fyrste gong kjem Andy Morrison til Noreg! Kulthelten på fekk 39 kampar for Manchester City frå 1998 til 2002, men er mest kjend for å ha vore den sjølvsagte kapteinen og bautaen i midtforsvaret i sesongen 1998-1999. Skadeproblema hans gjorde at han tidleg måtte legge støvlane på hylla, men han har framleis ein veldig høg stjerne hjå mange City-supporterar. No jobbar han som Fan Ambassador på heimekampane på Etihad. Me er veldig glade for å kunne melda at me har lukkast å invitera han til Vestlandet. I løpet av helga 1.-4 mai skal han få sjå litt av Bergen, Sogn og Balestrand. Me håpar så mange som mogleg tek turen til Balestrand og Sogn laurdag 2. mai for å treffa han. Då kan me by på eit rikt og underhaldande program. Balestrand er ei av dei vakraste bygdene på vestlandet, og har hatt turisme som hovudnæring lenge før ordet «turist» vart oppfunne. Me er avhengig av minst 20 påmeldingar, så me håpar på mange besøkjande.

Program:
2. mai:

Kl. 14:00: Fotball med sal av øl på Friberg Kino i Balestrand. Håpar å kunne vise Spurs vs. City, men det er ikkje stadfesta endå. Alternativt, hovudkampen til TV2. Om det er stemning for det, kan me syna filmen «Blue Moon Rising». Kostnaden for dette arrangementet er førebels ikkje klart.

Kl. 18.00: Vandring i historiske Balestrand
Ender opp i Ciderhuset.

Kl. 19.00: Formidlingsprogram i Ciderkjellaren 
Åge Eitungjerde – produsent av cider og dagleg leiar i Balholm formidler om frukt, smak og korleis vi lagar cider og eplebrennevin. Smaksprøver av cider, dessertvin eller dram. Kr 195,- Drikka som vert produsert her har fått veldig mange gode meldingar i t.d. Dagens Næringsliv. Sjå artikkel frå DN.no her:

Kl. 20:00: Middag på Ciderhuset i Balestrand. Denne restauranten har fått særs mykje skryt av gjestar på Tripadvisor, og vil tene som ein perfekt avslutning på kvelden. Treretters middag kostar 530,- pr. person.

Overnatting:
Til dei av dykk som treng overnatting, så har me fått tilbod om rabattert overnatting på Midtnes Hotell i sentrum av Balestrand.
Pris på enkeltrom-standard , baksida, inkl frokost Nok 790,- pr natt
Pris på dobbeltrom –standard , baksida, inkl frokost Nok 990,-pr natt
Pris på dobbeltrom –balkong, mot fjorden, inkl frokost Nok 1190,- pr natt
Bruk rabattkoden «Andy Morrison» ved tinging av rom. www.midtnes.no

Reise:
For reisande frå Bergen, vil det vera enklast å ta hurtigbåten frå Strandkaiterminalen med avgang klokka 0800, båten er framme 1150 i Balestrand. Me får ein rabatt på 25% av Norled til denne hendinga. Ta kontakt for grupperabatt. booking.norled.no/default.aspx
For dei som kjem med bil, ligg Balestrand mellom Sogndal og Høyanger på Rv 55.

Send påmelding, eller ved spørsmål om hendinga til Ole Fuglestad:
ole.fuglestad@gmail.com,
tlf. 93 41 36 95

Sjå òg Facebook-arrangement

Me treng òg sponsorar som er interessert i å vera med på å dekke utgiftene med å få Andy Morrison til Noreg. Har du høve til å bidra, ver venleg ta kontakt!

Div 2 playoff/Morrison lifts cup

2 svar

  1. Thomas Lomas Lomundal sier:

    Et meget flott tiltak. Skal sjekke kalender her.

  2. Tor Sønsteby sier:

    Håper mange støtter opp om Ole`s initiativ her. Dette er første gang vi har hatt et treff utenfor Oslo området, får håpe dere støtter like godt opp her som det blir gjort når vi arrangerer.

Legg igjen en kommentar